Gunn Evensen


Arbeider på bibliotek i Tokke

 Artikler skrevet av denne forfatteren


Genial vs galen: Slepe rundt på døde dyr av Hans Sande


Andor Skorpen er ein pliktoppfyllande hjelpepleiar ved Valen psykiatriske sjukehus. Han går stille i dørene, men strevar òg med sitt. Mellom anna si ein gong så kjærlege kone, som ser ned på han og hans bygdebakgrunn.

Frå skattekista: Solvending av Vetle Vislie.


Etter drøsor og draum skal ingen gjeva gaum. -Desse orda nyttar Vetle Vislie for å åtvare om at ein ikkje skal lite på slarv. Men fylgjande slarv kan du gjerne gjere eit unnatak for: Då forfattaren og skulemannen Vislie døydde i 1933 etterlét han seg ein skjønnlitterær skatt som er altfor lite kjend blant lesarar i dag. Dette burde det bli ei endring på! Bøkene hans rommar både sterk spaning og djup klokskap, treffsikkert formidla gjennom ein språkleg eleganse som kan måle seg med det beste frå hans eiga tid. Eit av dei sterkaste døma er kanskje Solvending frå 1897, som du kan lese om her.

Prøv denne karen, han underheld på ein intelligent måte.
-Med lunheit og rå overraskingar og mykje sleiv og slaur. Men eit stort underliggjande alvor. Det alminnelege og det høgstemte, for ikkje å seie surrealistiske, held einannan i god jamvekt og kitlar på kvart sitt vis.  OBS: Forfattaren er no aktuell med romanen Slepe rundt på døde dyr, kor ein kan lese vidare om ein av karakterane frå nett denne novellesamlinga. -Andor Skorpen, hjelpepleiar ved Valen psykiatriske sjukehus. Han slit mellom anna med ei kone som er litt for interessert i kryssordløysing på tider og stader han meiner dei har betre ting å finne på.

Gaulevik av Arnt Birkedal


I ei verd der alle gaular er det nokon som vel å halde munn. -Ei stillfaren og personleg forteljing om ein gut som hamna på feil stad, blant feil folk.

Samsøk i Telemark Kikkhullet
MappaMi Biblioteksvar

Telemarksbiblioteket


Nome folkebibliotek / Telemark fylkesbibliotek
Ringsevja 2, 3830 Ulefoss
+47 35 94 89 20 - telfy@t-fk.no
Åpningstider