Populære artikler
- Telemarksbunader månedens kulturminne på Telemarksbiblioteket
- Problemer med bokbussen
- Stor interesse for skolebibliotek
- Merete Junker på Telemarksbiblioteket
- Elevarbeider utstilt på Telemarksbiblioteket
Populære forfattere
- Mari Helga Helgetveit
- Målfrid Lille
- Gunn Evensen
- Bodil O.
- Elin Normann
- Henrik Rønning
- Grete Lill Hansen
- Ioana Mihailas
Bibliotekstatistikk 2008
Føreord 2008
Den årlege statistikken om verksemda i folke- og skolebibliotek i Telemark omfatter i år statistikk frå fylkesbiblioteket, folkebiblioteka og biblioteka i dei vidaregåande skolane.
Bibliotekstatistikken frå grunnskolane kjem noko seinare frå sentralt hald, og er difor ikkje med i denne oversikta.
Ulefoss, 29.4.09
Telemark fylkesbibliotek
Fjernlån
Talet på fjernlån (utlån av bøker, AV og artiklar til andre bibliotek) auka med 12% frå året før. Heile spekteret av mediesamlinga er etterspurd, mellom anna faglitteratur, pensumlitteratur innan ulike fag, lokallitteratur frå heile Telemark, lydbøker og skjønnlitteratur for barn og vaksne. Bibliotek i og utanfor fylket låner frå fylkesbiblioteket si mediesamling, og det er bra at fylkesbiblioteket i Telemark fungerer i det nasjonale fjernlånssamarbeidet.
Rekneskap/budsjett
Rekneskapstala for 2008 syner at fylkesbiblioteket hadde kr. 512.000 til innkjøp av bøker og andre media, ein nedgang frå 629.000 året før. Trass i nedskjæring på mediebudsjettet hadde fylkesbiblioteket ei auke i fjernlånet, men på sikt vil ein nok ikkje sjå ein slik tendens. Eit lågare mediebudsjett vil føre til eit dårlegare tilbod i mediesamlinga, og soleis minske etterspurnaden. Ei slik utvikling vil være særs negativ for lånarane ved fleire folke- og skolebibliotek i fylket, med små mediebudsjett og ufaglært personale.
Møte/kurs
Fylkesbiblioteket arrangerte 13 møte/kurs, med til saman 356 deltakarar.
Folkebibliotek
Statistikken byggjer på biblioteka sine eigne opplysningar gitt i skjema for 2008.
Økonomi
Løyvingane til bokinnkjøp pr. innbyggjar minka med 8% i forhold til året før, for heile fylket under eitt.
Det er store skilnader kommunane imellom, også dette året. Nokre av kommunane fekk stor auke i løyvingane, mellom anna Vinje,( 73% auke), Tokke, (47% auke) og Sauherad (26% auke). I fleire av kommunane minka løyvingane, mellom anna i Skien, med heile 31 %, i Bamble med 20%, og i Nome med 18 %.
Utlån
Utlånstala er stabile for heile fylket under eitt. I Tokke auka utlånet med heile 43%! Biblioteket i Tokke flytta inn i nye lokale i 2008, og interessa har vist seg å vere stor blant innbyggjarane. Gledeleg er det og at utlånet auka ved biblioteket i Kviteseid, her var auka på 18%. Fleire av kommunane kan rapportere om auke i utlånet, mellom anna Bø, Nome og Skien.
Dessverre er det også nedgang i utlånet for fleire av kommunane: Sauherad (14%), Hjartdal (10%) og Nissedal (9%)
Fyresdølane er framleis dei i fylket som er på topp med flest utlån pr. innbyggjar. Her er det inga endring frå året før: innbyggjarane i Fyresdal lånte 13 bøker kvar i 2008, tett fulgt av folk i Nome, som lånte om lag 10 bøker kvar, men i år er også innbyggjarane i Tokke med på lista: dei lånte om lag 10 bøker kvar i 2008.
Innlån frå andre bibliotek
Talet på innlån frå andre bibliotek har auka litt frå året før, eit gjennomsnitt på drygt 9 innlån pr. 100 innbyggjar.
Biblioteka i Fyresdal, Hjartdal og Seljord låner mest frå andre bibliotek: Fyresdal med 27, Hjardal med 25, og Seljord med 22 innlån pr. 100 innbyggjar.
Bibliotekslånarar i dei små kommunane får soleis eit betre bibliotekstilbod ved at dei får tilgång til ei større og vidare mediesamling enn det lokale bibliotek kan by på.
Besøk i biblioteket
I 2008 var besøkstala i biblioteka uendra frå året før: i gjenomsnitt 5 besøk pr. innbyggjar. Innbyggjarane i Nome vitja biblioteket flest ganger: drygt 9 ganger i 2008, biblioteka i Siljan, Kragerø, Drangedal og Tokke kan melde om 6-7 besøk pr. innbyggjar i året som gjekk.
Vidaregåande skole
Utlån
Elevane ved dei vidaregåande skolane i Telemark er ivrige brukarar av skolebiblioteket, og utlånet pr. elev auka frå 2007. Kvar elev lånte i snitt 8 bøker kvar i 2008, og elevane ved Porsgrunn v.g. skole lånte aller mest: heile 22 bøker kvar. Elles er det elevar ved Hjalmar Johansen v.g., Bamble v.g., Notodden v.g. og Kragerø v.g. som ligg høgt på utlånsstatistikken, med om lag 11 bøker kvar.
Reknskap
Skolebiblioteka hadde i gjennomsnitt kr. 184,- pr. elev til innkjøp av bøker og andre media, året før var beløpet kr. 193,-.




