Bibliotekstatistikk 2010


Føreord

Den årlege statistikken om verksemda i folkebiblioteka i Telemark omfatter i år statistikk frå biblioteka i dei vidaregåande skolane, fylkesbiblioteket, folkebiblioteka i fylket.
Statistikken byggjer på biblioteka sine eigne opplysningar gitt i skjema for 2010.
Ulefoss, 17.8.11

Folkebibliotek

Økonomi:
Løyvingane til bokinnkjøp pr. innbyggjar er auka med drøye 3%  samanlikna med året før, for heile fylket under eitt.
Det er store skilnader kommunane imellom, også dette året. I Bamble auka løyvingane med heile 104%, medan  Hjartdal og Nome hadde meir moderat auke, på 28 og 29%. I fleire av kommunane minka løyvingane, mellom anna i Tinn, Vinje, Kviteseid, Kragerø og Skien, med ein nedgang på mellom 10 og 19%, samanlikna med året før.

Utlån:
Telemarkingane lånte fleire bøker og andre media ved biblioteka i 2010, enn året før. Igjen er det store variasjonar frå kommune til kommune.
Fyresdal var den kommunen der utlånet auka mest: 29% auke! Ved biblioteka i Siljan og Nomel auka utlånet med 13 og 10%. I Hjartdal og Tokke gjekk utlånet ned om lag 12%.

Innbyggjarane i Fyresdal og i Nome lånte aller mest i 2010: drøye 12 bøker kvar.

Innlån frå andre bibliotek:
Innlån frå andre bibliotek er eit godt tilbod til bibliotekbrukarane, og særleg for brukarane i dei små kommunane. Innbyggjarane får soleis eit betre bibliotekstilbod ved at dei får tilgang til ei større og vidare mediesamling enn det lokale bibliotek kan by på. Ei felles transportordning gjer sitt til at boka raskt kjem frå eigarbiblioteket til det biblioteket som vil låne ho.
Talet på innlån frå andre bibliotek er stabilt, med eit gjennomsnitt på drygt 9 innlån pr. 100 innbyggjar.
Biblioteka i Hjartdal og Seljord lånte mest frå andre bibliotek i 2010: Hjardal med om lag 30, og Seljord med om lag 24 innlån pr. 100 innbyggjar.

Besøk i biblioteket:
I 2010 var besøkstala i biblioteka uendra frå året før: i gjennomsnitt 5 besøk pr. innbyggjar. Innbyggjarane i Nome vitja biblioteket flest ganger: om lag 10 ganger i året som gjekk, biblioteka i Drangedal og Kragerø, kan melde om 7 besøk pr. innbyggjar i 2010. Ein særs viktig faktor for høgt besøkstal er plassering. Bibliotek som har ein usentral plassering i lokalsamfunnet har naturleg nok lågt besøkstal, eit eksempel her er Sauherad, med kun 0,3 besøk pr. innbyggjar.       

Detaljert talmateriale

Telemark fylkesbibliotek

Fjernlån:
Talet på fjernlån (utlån av bøker, AV og artiklar til andre bibliotek) auka med om lag 40% frå året før. Heile spekteret av mediesamlinga er etterspurd, mellom anna faglitteratur, pensumlitteratur innan ulike fag, lokallitteratur frå heile Telemark, film, lydbøker og skjønnlitteratur for barn og vaksne. Bibliotek i og utanfor fylket låner frå fylkesbiblioteket si mediesamling, mellom anna er bokkassene fylkesbiblioteket bringer ut til skolar i fylket svært populære.

Rekneskap/budsjett:
Rekneskapstala for 2010 syner at fylkesbiblioteket hadde kr. 265.000 til innkjøp av bøker og andre media, til samanlikning var tilsvarande tal 310.000 året før. Trass i nedskjæring på mediebudsjettet hadde fylkesbiblioteket ei auke i fjernlånet.

Møte/kurs:
Fylkesbiblioteket arrangerte 19 møte/kurs, med til saman 343 deltakarar.

Detaljert talmateriale

Vidaregåande skole

Utlån:
Elevane ved dei vidaregåande skolane i Telemark er ivrige brukarar av skolebiblioteket.  Kvar elev lånte i snitt i overkant av 8 bøker kvar i 2010, og elevane ved Hjalmar Johansen v.g. skole i Skien lånte aller mest: drøye 34  bøker kvar!  Elles lånte elevar ved Bamble v.g., meir enn 13 bøker kvar, og elevar ved Bø v.g., avdelinga i Seljord om lag 11.

Rekneskap:
Skolebiblioteka hadde i gjennomsnitt kr. 153,00 pr. elev til innkjøp av bøker og andre media, året før var summen kr. 163,00. 

Detaljert talmateriale

Samsøk i Telemark Kikkhullet
MappaMi Biblioteksvar

Telemarksbiblioteket


Nome folkebibliotek / Telemark fylkesbibliotek
Ringsevja 2, 3830 Ulefoss
+47 35 94 89 20 - telfy@t-fk.no
Åpningstider


Skiensvassdraget
Telemarksportalen